Pilegrim er ein lys og frisk engelsk bitter i Yorkshire-stil og det aller fyrste ølet som vart bryggja på Kinn Bryggeri i starten i 2009. Bitterheita er tydeleg og humlearomaen er frisk. Vi brukar hovudsakleg tradisjonelle engelske humlesortar for å gi den rette blandinga av krydder, jord og blomster. I tillegg gjev vi Pilegrim eit lite løft av sitrus i aromaen med amerikansk humle. Pilegrim blir tilsett eit enzym som bryt ned gluten frå bygg og er eit glutenfritt øl (<20 ppm). Passar fint til lyst kjøt, pizza, pasta og ikkje altfor sterkt krydra mat.