Kinn Pils er ein ufiltrert og upasteurisert pilsner med inspirasjon frå tysk bryggjekunst. Vi har brukt rikelige mengder Hallertau Mittelfrüh, den finaste humlesorten frå Tyskland, og vi har lagra ølet mykje lenger enn det som er vanleg i dag. Kinn Pils passar godt til sjømat eller italienske rettar, men kan sjølvsagt og drikkast åleine.
Aroma: Frisk aroma av bakst, urter og sitrus.
Smak: Middels fyldig med toner av malt, humlefrisk ettersmak.