Jol er tid for varme, tradisjon og gode smakar. I gamle dagar kalla dei ølgjær for kveik, og denne levande arven vart delt mellom granne og gard.
I denne 2025-utgåva har vi brukt kveiken frå Ebbegarden på Sunnmøre – ein kultur som har vandra i generasjonar, og som gjev brygget fruktige tonar og ei livfull gjæring.
Som i gamal bryggjeskikk har vi òg brukt einerlog, som gir ei frisk, urteaktig botn under den fyldige maltsmaken. Smaken har innslag av karamell og eit mildt hint av røyk, som rundar av og gir djupn.